Brev frå New Zealand

Heisann og Kia Ora!

I dag har eg slappa av i heile dag, etter nok ei fantastisk helg i New Zealand. Denne gongen var det ein lang fjelltur i går, og dårlige surfeforhold i dag som gjorde det aktuelt. Dyra her er flotte, og menneska er blandt dei hyggelegaste eg har møtt. Bortsett frå desse opplevingane er og skulen bra, travel og lærerik. Dei puttar all undervisninga in i to bolkar på 6 veker kver, so er det sommarferie til slutten av februar. Effektivt. Men eg har lagt merke til ein ting.  Mangelen på studentfrivillighet. Ein tanke som slo meg allereie etter første veka her, og når teltet i dødens dal kom opp, og invitasjonar til Linjeforningsball tikkar inn på mailen, då meldte savnet seg ekstra sterkt.

Livet som utvekslingsstudent har innfridd til alle forventningar foreløpig. Eg har blitt kjent med nye folk, litt ny kultur, nye tidsaspekt og så vidare.

Engelsken har vel og fått seg en nødvendig oppfriskning. Ellers kan eg også bekrefte at design er et ganske internasjonalt språk. Det tok ikkje mange dagane før plansjane var fyllt av post-its og skissearka flaut rundt i et passe organisert kaos. Å passe inn i en klasse med designstudentar er med andre ord ikkje så vanskelig. Det kan skyldast at Designstudentar er opne, nysgjerrige og kjekke folk, eller det kan være at vi alle er interessert i design. Sannsynligvis ein god miks.

Likevel, Det er ein ting eg savnar. Kvar er dei sosiale studentarrangementa på kveldstid? kvar er Tegnekurs med arkitektstudentane, eller turning med industriell design? Bedriftspresentasjon med gratis øl og pizza? seks:førti? Kvar er studentkulturen og studentfrivilligheten? Samfundet? UKA?

Det seiast at det er først når noko er vekk at ein merkar kor mykje ein satt pris på det. Det er enda ein ting som er flott med å være utvekslingsstudent. Å oppleve nye ting som får deg til å tenkje gjennom korleis livet er “heime”. At eg kan sjå tilbake på mine forskjellige engasjement i studietida og tenke at eg var en av dei som gjorde studietida litt ekstra spennande, både for meg sjølv, og forhåpentligvis andre.

Eg trur eg rundar av der, med to logiske oppfordringar til alle der heime:

1. Søk deg til frivillige verv, fordi du kan! Første mulighet er Leonardostyret innen 1. oktober!
2. Reis på utveksling, (fordi du kan!) Det er fantastisk kjekt!

KIA ORA,
med vennleg helsing avtroppande Leder i leonardo,
Rasmus Fannemel,
Wellington, New Zealand.

PS: Tusen takk til alle i Leonardostyret for ein fantastisk jobb det foregåande året. Det var kjekt!

PPS: Eg sender med dette stafettpinnen vidare til Gutta i Melboi Magazine, og håper på ei lita oppdatering fra Australia